FRÅ "FØDSEL" TIL I DAG:
Brattebø Bygg er eit byggmeisterfirma tilhøyrande på Voss, og har sit arbeidsområde der og i nærområdet. Firmaet er i dag organisert som eit aksjeselskap der byggmeister Johannes Brattebø eig 93 % av aksjane og er dagleg leiar. Einar Sigurd Lindstad eig 7 % og er prosjektleiar. I 2008 var omsetninga omlag 13 millionar.
Brattebø Bygg tar på seg alt innan byggjeverksemd, næringsbygg og bustadhus. Alt innan nybygg, tilbygg, ombygging og rehabilitering er innafor området.
Brattebø Bygg er eit reint tømrarfirma med eigne tilsette tømrarar som har lang og god erfaring i faget. Firmaet har godt samarbeid med andre aktørar i bransjen på Voss, og kan ta på seg å vera hovudentreprenør slik at kunden berre får eit firma å forhalde seg til.
Av litt større nybygde næringsbygg som Brattebø Bygg har utført tømrararbeidet på kan me nemna:
Av litt større ombygging og rehabiliteringsarbeid som me har utført tømrararbeidet på kan me nemne:
-
Fleischer´s Hotel som har innreidd loftet til gjesterom.
-
"Neståshuset" bak Vossevangen Apotek som er ombygd til Galleri.
-
NSB Eigedom som bygde om del av Voss jernbanestasjon til hotellrom for Fleischer´s Hotel.
Desse oppdraga var forholdsvis kompliserte med høge krav frå kunde til utføring, og med mykje tekniske installasjonar. Dei to første var Brattebø Bygg også byggjeleiar for.
Sjå også bilder frå nokre av prosjekta me har utført.
Firmaet har sine røter tilbake frå 1930 då Eirik og Lars Skjeldal starta "Skjeldal & Skjeldal byggjeverksemd". I 1950-åra vart Andreas Brattebø arbeidsformann i firmaet, og det var han som dreiv det framover. I 1971 overtok Andreas firmaet formelt og dreiv det under namnet "Byggmeister Andreas Brattebø".
Men Andreas vart også pensjonist, så ved generasjonsbyte 01.01.1989 overtok sonen Johannes Brattebø og stifta aksjeselskapet Brattebø Bygg AS.
I år 2000 kjøpte Brattebø Bygg firmaet Kolle & Lindstad Bygg ANS. Einar Lindstad som var dagleg leiar er i dag medeigar og tilsett som prosjektleiar i Brattebø Bygg AS.
Med denne bakgrunn kan me trygt sei:
Har du eit oppdrag, har me erfaring, kompetanse og dyktige fagfolk.